Leikeland

Me har eit flott leikeland som er vel verdt å besøke. Her kan dei små springe rundt i spennande og trygge omgjevnader fordelt over 3 høgder og meir enn 300 kvm areal. Dei kan hoppe, klatre, balansere, skyte på blink med våre 8 ballkanoner, leike i ball-rommet og skli i ulike rutsjebaner.

Leikelandet passer aller best for ungar mellom 2-12 år, men mor, far, storebror/syster har også måtte innrømma å ha fått køyrd seg hardt og hatt det kjekt i vår innhaldsrike og eventyrlege leikegrend.

Born under 10 år må ha med seg ein ansvarleg vaksen. Dersom du er over 10 år og kjem åleine, må du ha med deg ansvarsmelding frå foresatte.

X Last ned skjema her.

Prisar for leikegrenda

Helg (fredag etter kl.15.00) og feriar:

Vaksen: 50 kr (1 vaksen per betalande barnegruppe er gratis)

Barn under 6 mnd: gratis

Barn 6 mnd – 1,5 år: 95,- kr

Barn 1,5 -17 år: 185,- kr

Kvardag:

Vaksen: 50 kr (1 vaksen per betalande barnegruppe er gratis)

Barn under 6 mnd: gratis

Barn 6 mnd – 1,5 år: 80,- kr

Barn 1,5 -17 år: 165,- kr

NB! Leikelandet stengjer kl.19.00 kvar dag.

Ved stor pågang og trengsel i leikegrenda, er tilgangen avgrensa til 1,5 timar.

Klippekort

5 klipp: 750,- kr

10 klipp: 1400,- kr

Korta kan ikkje bytast mot kontanter. Mista klippekort/gavekort blir ikkje erstatta.

Regler for bruk av leikelandet

  1. Den vaksne som er med bornet har ansvar for å informera om reglane i leikelandet.
  2. Alle born under 10 år må ha med seg ein vaksen som er ansvarlig. Born over 10 år må ha med seg samtykkeskjema frå foresatte.
  3. Vaksne kan berre være i leikelandet i lag med born.
  4. Mat, drikke, tyggis og liknande er ikkje tillatt inne i leikelandet.
  5. For å unngå skader er det ikkje tillatt med skarpe gjenstander.
  6. Det er ikkje lov til å klatra på utsida av leikeapperatene eller opp skliene.
  7. Sko må av før du går inn i leikelandet.
  8. Du må ha på sokker når du er i leikelandet.
  9. Me anbefaler langbukse og kle uten hette i leikelandet
  10. Viss ein ikkje oppfører seg eller fylgjer reglane kan ein bli bortvist.