Bedriftsbowling

Bedriftsbowling haust 2023

Det blir i haust bedriftsserie for 1. og 2. divisjon på mandager frå kl. 18-22.

Totalt i 1. og 2. divisjon er det 16 lag. Serien startar den 28.08.23 og har siste kamp den 04.12.23. Det er ikkje kampar i veke 40 og 41. Når serien er i gang er det mandager spel på alle banane frå kl. 18-22.


Sosial serien som me i vår har hatt på torsdager blir videreført. Det er 12 lag med, og serien startar i veke 36 , og siste kamp er torsdag . Det er ikkje kampar i veke 40. Tidsrommet er frå 18-22, og det er då 6 banar i bruk.

Er bedrifta di klar for bedriftsbowling? Ta kontakt med Mona på 415 64 111.



Spelereglar for bedriftsserien

Kven kan delta

Det er lov med reine bedriftslag, blanda lag frå forskjellige bedrifter, samt private vennelag og liknande. Serien er open for begge kjønn i alle aldrar.

Spelara per lag

Eit lag skal ha 3 spelara per kamp. Det kan nyttast inntil 2 innbytera per kamp. Spelar som er byta ut kan settast inn att i same kamp. Byte kan berre skje etter fullført serie.

Ein spelar kan ikkje spela på fleire lag i serien, utanom i sosial serien der same spelar kan vera med på fleire lag.

Poengrekning

Kvar kamp ein vinn gjev 1 poeng, og kvar serie ein vinn gjev 1 poeng. Maks poengsum per kamp blir då 4 poeng.

Dersom ein har likt pinnefall, anten i serie eller i sluttsum, blir det 0,5 poeng til kvart lag.

Resultat skal førast fortlaupande på skjema av lagkaptein.

Kampskjema skal skrivast under av kaptein på begge laga og leverast i resepsjonen etter kamp.

Kamp utsetjing

Flytting og utsetjing av kampar skal ein i hovudsak unngå. Dersom eit lag må utsetja ein kamp skal motstandaren og Voss Bowling ha beskjed seinast 4 dagar før speledag. Ny kamp må då spelast snarast.

Laget som ber om å få kamp flytta må ordna med alle formalitetar. Fyrst ta kontakt med motstandar for å høyre om det er ok å utsetja kampen. Deretter ta kontakt med Voss Bowling for å gje beskjed om utsetjing, samt ordna med ny speledato og speletid. Så må ein orientera motstandarlaget om tida for ny kamp. Ekstrautgifter i samband med å flytte kamp (baneleige) fell på laget som ynskjer å flytta kampen.

Oppmøte og spel

Laget må møta seinast 10 minuttar før kampstart. Kampar skal starta presist. Ved for seint oppmøte må vedkommande starta i same rute som motspelar er kome til.

Tomme ruter før dette kan ikkje fyllast i seinare.

Venstre spelar har vikeplikt og ventar med å gå opp på ansats til høgre spelar har kasta.

Spelereglar

  1. Når ein spelar har tatt sitt fyrste kast, kan ikkje, uansett årsak (skader og liknande) denne bytast med ny spelar før neste serie.
  2. Det er ikkje lov å gå ut på banen før laget før er ferdig. Dei som er ferdige å spela må gå frå banen med ein gong.
  3. Det er berre dei som spelar på laget som kan vera på baneområdet under kampane.
  4. Det er ikkje opna opp for prøvekast i serien.
  5. Dersom ein person har overtramp blir kaste annullert. Overtramp er når ein spelar med nokon del av kroppen rører nokon del av banen eller andre bygningsdetaljer rundt, eller ved siden av overtrampslinja, før kula har nådd bakre stopp-pute.
  6. Det er vikeplikt for spelaren til venstre. Dersom spelara på 2 nabobanar er klar for spel samstundes. Skal spelaren til venstre venta. Elles skal den spelaren som fyrst står klar til å kasta, ta sitt kast før nabospelaren går fram på banen. Me gjer merksemd på at bane nummer 5 er ved sidan av bane 4 som blir brukt til publikum, og at det av og til kan vera vanskelig å få dei til å fylgja vikeplikt regelen. Dersom eit lag spelar mot eit anna lag på denne banen, vil det i neste kamp bli omvendt slik at dette skal verta rettvist.