Bowling, kafé og leikeland

Ein gøyal møteplass på Voss!

Bowling og spel

Bowlingbaner, biljard og el dart

Café og bar

Me serverer deilig mat og drikke i caféen.

Leikeland

Eit fantastisk fint leikeland!

Velkommen til Voss Bowling!

Voss Bowling er eit stort aktivitetssenter med fleire spennande inne-aktivitetar, lokalisert midt på Vossevangen. Me har aktivitetar for heile familien, store som små. Her kan du komme for å leike, ta deg ein matbit, spele eit spel, eller berre være sosial i lag med venner. Lokalet vårt er stort og fullt av muligheter. Caféen vår tilbyr ulike matretter som høver både til frokost, lunsj, middag og kvelds. Me har også eit leikeland på over 300 kvadrat, eigne priser og åpningstider for dette (sjå info under leikegrenda).

Dersom du ynskjer å booke banar/bursdagar/tid i leikegrenda, ring: 453 75 154.

Me har noko for ein kvar smak og behov!

Dette skjer på bowlingen i nær framtid:

April:

Nb flytta til: blir det jentekveld på bowlingen. Det blir enkel instruksjon, noko godt i glaset samt noko lite å bite i. Pris kr 300 per person. Påmelding innan  til: post@vossbowling.no 

26.04.24: blir det Vossabyggmesterskap på bowlingen. Det blir spel frå kl 16.00.

Singel: 3 rundar, pris kr 300,-. Dei 6 beste går vidare til finale, start kl 20.30-21 (alt etter kor mange som er med). Så blir det sluttspel mellom dei 2 beste.

Dobbel: 2 rundar x 2 pers, pris kr 400 per lag. Det blir finale mellom dei 2 beste laga.

Påmelding innan 24.04.26 til: post@vossbowling.no eller til Mona: 415 64 111

vossabygg

Nytt på bowlingen:

gåterom

Arrangere selskap?

Kva med å ta bursdagsfeiringa på Voss Bowling? Me har 2 flotte bursdagsrom for dei yngste, eit med jungel-motiv og eit med sjø-motiv. Me har også 2 andre rom som passer for tenåringen i huset, eller dei vaksne. Her kjem de til dekka bord og ferdig mat.